Av Arve Bakke, leiar i Fellesforbundet
Når landsmøtet fatta dette vedtaket, baserte ikkje det seg på nokon sikker viten om kva følgjer ei innlemming av direktivet vil ha. Men landsmøtet var klar på at det har oppstått uvisse kva følgjer ei innlemming kan ha, og derfor sa landsmøtet nei til direktivet. Vi vil ikkje ha ei utvikling i retning meir innleige av arbeidskraft. Vi vil derimot ha eit arbeidsliv som baserer seg på faste tilsetjingar.
Fellesforbundet har ikkje for vane å oppfordre medlemene våre til å delta i politisk streik. Det er fleire år sidan sist. Men denne gangen gjorde vi det, og attpå til i ein situasjon med raudgrønt fleirtal på Stortinget. Eit fleirtal som i seks år i sak etter sak som gjeld arbeidslivspolitikk har stått skulder ved skulder i lag med alle som ønskjer eit arbeidsliv fritt for sosial dumping med faste og ryddige tilsetjingsforhold.
I denne saka skiljer vi veg. Regjeringa meiner at våre ordningar med regulerte forhold når det gjeld avgrensing av midlertidige tilsette og inn- og utleie av arbeidskraft, står seg om vi innlemmer direktivet. Vi meinte også det. At arbeidsgjevarane vil ha oppmjukning av vårt lovverk er ikkje noko nytt. Dei vil ha det, men stortingsfleirtalet har ikkje gitt dei det. No seier dei at vi vil få det – med direktivet. Og viss det er tilfelle, hjelper det lite kva det er stortingsfleirtalet meiner. Da er det domstolar utanfor vår kontroll som bestemmer, og dei kan lande ned på same standpunkt som arbeidsgjevarane. Arbeidsgjevarane treng ikkje få rett, men dei kan få det. Det var denne uvissa som gjorde at landsmøtet i Fellesforbundet snudde Fellesforbundets standpunkt frå eit ja, med vilkår, til eit nei til direktivet. Vi meiner Norge må bruke den lovlege retten innanfor ramma av EØS-avtalen til å seie nei til direktivet.
Når tusener av LO-medlemer går til politisk streik, er ikkje dette berre ein streik isolert mot direktivet. Det er ein streik også for noko. Det er streik for den norske modellen. Ein modell med faste tilsetjingar og to-parts forhold direkte mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Dette har skapt ein maktbalanse i arbeidslivet som vi vil ta vare på og utvikle. Då må vi snu ei utvikling vi har sett dei seinare åra i retning meir omfattande innleige av arbeidskraft. Vi er slett ikkje mot korkje vikarar eller vikarbyrå. Vi treng begge deler, men no har innleige fått eit omfang som undergrev det arbeidslivet vi vil ha. Vi har døme innanfor både bygg og verftsindustri der det er fleire innleigde enn fast tilsette arbeidstakarar. Vi ser ei utvikling der bedriftene i tillegg til ein fast stab har ein stab med laus tilknytning for å utføre løpande og ordinære arbeidsoppgåver. Det skapar ein marknad for omfattande inn- og utleige av arbeidskraft. Vi har ei mengd dokumentasjon på at slike relasjonar skapar meir utrygge arbeidsplassar og der motivasjonen for å ta inn læringar og å drive systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid blir redusert.
Den norske modellen er framfor alt ein sysselsettingsmodell. Den er bygd på rettar og plikter arbeidsgjevar og arbeidstakar imellom. Omfattande leige av arbeidskraft vil forrykke denne balansen. Dette er regjeringa og Arbeidarpartiet einig med oss i. Det er også grunnen til at regjeringa har sendt ut på høyring fleire tiltak som ytterlegare kan bidra til at inn- og utleige av arbeidskraft blir betre regulert og at likebehandlingsprinsippet blir reelt. Likebehandling vil seie at dei som blir utleigd skal ha same løns- og arbeidsvilkår (ja, dei kan også ha betre vilkår) som i innleigebedrifta. Regjeringa føreslår at innleigebedrifta skal ha solidaransvar overfor den utleigede arbeidstakaren. Det vil seie at dersom den vikartilsette ikkje får den løna han har krav på, kan han reise krav overfor den bedrifta som har leigd han inn. Vidre føreslår regjeringa at det den tillitsvalde i innleigebedrifta skal kunne ha innsyn i vilkåra den innleigde arbeider under. Det skal skje ved at eit slikt krav blir retta mot innleigebedrifta, som igjen skal ha rett til å få denne informasjonen frå utleigebedrifta. På dette punktet går Fellesforbundet og LO lenger ved at vi også vil at tillitsvalde i utleigebedrift skal ha innsyn i vilkåra i innleigebedrift.
Uavhengig av kva som vil måtte skje med vikarbyrådirektivet når regjering og Stortinget skal ta stilling til det, meiner vi at tiltaka som no er på høyring må vedtakast. Det vil sikkert stå politisk strid også om dei, slik det blant anna skjedde då vi fekk vedtatt solidaransvar i samband med allmenngjeringsordninga. Det tiltaket viser seg å ha verka, og eg trur ganske bestemt at tiltaka som regjeringa no har fremma også vil verke