Fellesforbundet avd. 118 Hardanger Sunnhordland

Endre avdeling

NYHENDEBREV 1-19

bilde til nyhetssak

NYHENDEBREV FRÅ FELLESFORBUNDET HARDANGER SUNNHORDLAND

GODT NYTTÅR!
Me nyttar også dette høvet til å ynskja alle våre medlemer eit Godt Nytt År.
For Fellesforbundet Hardanger Sunnhordland vert også dette året spanande. Me har sett oss mål om å rekruttera fleire medlemer, få på plass fleire tariffavtalar og elles arbeida hardt for at medlemene skal ha gode løns- og arbeidsvilkår i våre bedrifter.

Kristian Lien som har vore tilsett i mange år, fyrst i Folgefonn fagforeining og dei siste 2,5 åra i Fellesforbundet Hardanger Sunnhordland, sluttar. Han har vore tillitsvald i mange mange år, og etter det me veit har han framleis eit og anna verv i fagrørsla. Kristian vart takka av på styremøte 17/12-2018, der leiar Atle Tranøy takka for lang og tru teneste.

Alle må ha avtale om innleige
Arbeidsmiljølova seier at alle bedrifter som leiger inn personell skal ha avtale med bedriftsklubben om innleige. Har ein ikkje dette er det brot på lova.
Frå nyttår er det berre bedrifter som har landsomfattande tariffavtale som kan leiga inn frå bemanningsselskap.

Har du spørsmål kring dette kan du ta kontakt med oss. Me kan hjelpa til med info, førebuingar til drøftingar med bedriften og anna knyta til saka.

OBS: Endring i vilkårene på innboforsikringen din
Fra 1. januar er det noen endringer i vilkårene på innboforsikringen som du bør vite om.

Her er noen av dem:
• Vi utvider dekningen for mobil og nettbrett slik at alle fysiske     skader som skyldes uhell er dekket.
• Du får ikke dekket gjenstander som du har tatt med fra utlandet hvis det er i strid med gjeldene toll- og avgiftsregler. Tidligere var det dekket med 6 000 kroner
• Vi innfører et nytt unntak for «innsjekket bagasje». Dette får du nemlig dekket på reiseforsikringen.

Kontakt info;
Fellesforbundet Hardanger Sunnhordland
Hamnegata 20, 5403 Stord
Epost: avd118@fellesforbundet.org

Tilsette
Trygve Fatland 932 57 048
Knut Jørgen Kvilhaugsvik 908 15 477
Rose Maiken Flatmo 918 61 976
Stig Faraas 454 11 451