Fellesforbundet avdeling 747 Unionen Fagforening

Endre avdeling

NY AVTALE: Dei tilsette i bemanningsselskapet vann fram i retten med kravet om lønn mellom oppdrag. Likevel må dei leva i uvissa om når dei skal jobba.

bilde til nyhetssak

Unionen Fagforening er kritisk til regjeringen og arbeidsminister Anniken Hauglies forslag for å begrense bemanningsbransjen. Forsalget vil kunne gi økt bruk av innleie og medfør stor grad av deltidsansettelser i små stillinger. Clockwork-dommens premiss om å gi de ansatte mer forutsigbarhet for lønn og arbeid ser man ikke igjen i forslaget. Vi vurderer at forslaget slår bein under dommen og er strategisk spilt ut i forkant av valgkampen for å dysse ned en viktig diskusjon. Det fremstår som et bestillingsverk fra NHO Service. ARBEIDSLIV Gleda var stor då seks polakkar i bemanningsbyrået Clockwork Bemanning vann fram i Bergen tingrett med krav om lønn mellom oppdrag. Dommen blei sett på som prinsipiell viktig av arbeidstakarorganisasjonane som heile tida har meint at dei populære arbeidsavtalane bemanningsbyråa har bana veg for, av typen «fast tilsetting utan lønn mellom oppdrag» eller «nulltimarskontraktar» er ulovlege. Men gleda blei kortvarig. I dei nye arbeidsavtalane for fast tilsette i bemanningsbyrået som tapte striden i Bergen tingrett, blir arbeidstida gjennomsnittsberekna over eitt år. Arbeidsavtalen som Klassekampen har fått sett, er ei redusert stilling med ein gjennomsnittsperioden på 52 veker. Dette betyr at dei veit kor mykje dei får jobba i løpet av eitt år, men ikkje når og kor mykje dei skal jobba neste månad. Fryktar ny standard Fellesforbundet i Bergen, som dei polske arbeidstakarane har hatt i ryggen, fryktar dette skal bli den nye standardavtalen i bemanningsbransjen. – Du låser ein person 100 prosent til bedrifta, men gir han ei deltidsstilling utan føreseielegheit, seier Mads Kleven, leiar for Unionen fagforeining, ei avdeling i Fellesforbundet. – Me er svært skuffa. – Dette betyr at dersom du er tilsett i ei 50 prosent stilling kan du risikera å sitta fyrste halvår heime og venta på telefon, og så må du jobba heile siste halvår og få lønna di då, seier han. Den reduserte stillinga er i praksis vanskeleg å kombinera med andre jobbar, meiner han. «Arbeidstaker har ikke adgang til å påta seg andre arbeidsoppdrag for andre arbeidsgivere hvis dette kan komme i veien for oppdrag Arbeidstaker skal utføre for Clockwork», heiter det i avtalen. – Dette blir ei enda større problemstilling dess mindre stillingane er, seier Kleven. Fellesforbundet har varsla Clockwork om at dei meiner dei nye avtalane bryt med intensjonen i dommen frå Bergen tingrett. – Me meiner det skal vera meir enn eitt års føreseielegheit, seier han. Endrar lovverket Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) lovde å rydda opp i bruken av dei omstridde nulltimerskontraktane og sende på høyring eit forslag til regelendring. Forslaget går blant anna ut på at arbeidsavtalar i bemanningsbyrå må ha eit konkret stillingsomfang. Kleven meiner forslaget frå Hauglie ikkje er godt nok. – Dette er ein bransje som finn gråsonene. Når ein no skal tetta eit smotthol, må regelverket bli meir spesifikt. Han meiner at arbeidstida må knytast til ein årsplan som i det minste konkretiserer arbeidstida ned til kvar månad. Ifølge Fellesforundets nestleiar Steinar Krigstad må ein arbeidsplan visa kva veker, dagar og tider den enkelte skal arbeida, elles er det inga reell føreseielegheit for arbeidstakar. Klassekampen møter Kleven på fagforeiningskontoret i Bergen i fjerde etasje i Folkets Hus, saman med Henrik Drivenes. Han er leiar for ungdomsutvalet i Handel og Kontor avdeling Vest. Det er særleg innanfor bygningsbransjen at bruken av ulike former for nulltimarskontraktar har fått mykje merksemd. – Me ser akkurat det same i handelsbransjen. Der får du veldig små stillingar med løfte om å jobba meir. Du er prisgitt det sjefen vil gi deg, seier han. Han har sjølv jobba med ein nulltimarskontrakt. – Du går med telefonen i lomma frå åtte om morgonen i håp om å få ei vakt. Kan få jamn lønn Clockwork Bemanning avviser at dei nye avtalane bryt med tingrettsdommen. «Vi mener at de aktuelle arbeidsavtalene er helt alminnelege, standard arbeidsavtaler, i tråd med dommen fra Bergen tingrett. Det følger av arbeidsmiljøloven § 10–5 at det kan avtales gjennomsnittsberegning over en periode på 52 uker», skriv dagleg leiar Jostein Hatlebrekke. Han skriv at det er vanleg i mange bransjar å gjennomsnittsberekna arbeidstida over 52 veker. Han seier at det er feil at arbeidstakarne ikkje kan få ei føreseieleg lønnsutbetaling. «Dersom en arbeidstaker i f.eks. 80-prosentstilling ønsker å ha 80 prosent lønn hver måned kan han få dette, selv om han f.eks. jobber 100 prosent én måned og neste måned avspaserer noe og derfor kun jobber 60 prosent. Man kan altså avtale å betale ut lønnen jevnt selv om arbeidstiden gjennomsnittsberegnes, men dette har arbeidstakerne så langt ikke ønsket». Så lenge det ikkje går ut over arbeidspliktene overfor Clockwork kan arbeidstakarne jobba for andre, skriv han. Kleven står fast på at han meiner dei nye avtalane ikkje oppfyller intensjonen i dommen frå Bergen tingrett. Kilde: Klassekampen, tekst og foto Anne Kari Hinna.