Haster med målretta tiltak mot arbeidsløysa!

Rådgjevar Norvald Mo skriv i Klassekampen at det haster med tiltak mot arbeidsløysa. - Regjeringa treng ikkje venta til ho har fått lagt fram statsbudsjettet for neste år. Det er for seint.

Regjeringa kan her og no betra permitteringsreglane, betra vilkåra for bedriftsintern opplæring, setja i verk fleire arbeidsmarknadstiltak og ho kan varsla ei styrking av kommuneøkonomien som gjer at kommunane tørr investera meir!

Tiltak hastar

Utviklinga i arbeidsløysa er urovekkjande. Det er slett ikkje noko nytt at Norge opplever arbeidsløyse. Det skjedde under det store internasjonale tilbakefallet på første del av 1990-talet kombinert med etterverkandane av jappebølgja, det skjedde etter det store oljeprisfallet på slutten av 90-talet og det skjedde etter finanskrisa i 2008. Felles for alle desse krisene var at dei vart møtte med raske mottiltak. Tiltaka stogga veksten og etter kvart gjekk arbeidsløysa ned igjen.

Så seint som i det reviderte nasjonalbudsjettet i vår spådde regjeringa at arbeidsløysa i år ville bli på 4,0 prosent. Ein sommar har gått, og no er ho på 4,5 prosent og utsiktene til betring er dessverre enno meir dystre. Fellesforbundets tillitsvalde melder at berre i Jæren/Stavanger-området kan mellom 2 000 til 4 000 arbeidarar innanfor bygg og anlegg mista arbeidet i nær framtid. Og det er ikkje slutt på nedbemanningane innanfor leverandørindustrien offshore. Det er dessverre ordretørke som no pregar industrien. Prognosemakarar peikar på at vi truleg til neste år vil få arbeidsløyse på over 5 prosent.

Tidlegare finansminister, Gunnar Berge, uttala til Stavanger Aftenblad at no må vi korkje krisemaksimera eller bli handlingslamma. Det er kloke ord. Han snakkar av erfaring. Arbeidsløysa vil gå ned igjen. Panikkarta tiltak som brå auke i oljepengebruken er ikkje riktig medisin, samstundes som ein ikkje kan sitja stille i båten og venta på at uveret vil gå over. Det hastar med målretta tiltak no. Regjeringa treng ikkje venta til ho har fått lagt fram statsbudsjettet for neste år. Det er for seint. Regjeringa kan her og no betra permitteringsreglane, betra vilkåra for bedriftsintern opplæring, setja i verk fleire arbeidsmarknadstiltak og ho kan varsla ei styrking av kommuneøkonomien som gjer at kommunane tørr investera meir. Ho kan forsera bestillingar av nye skip og gå i ein sterkare dialog med oljeindustrien for å styrkja investeringane i reperasjonar og vedlikehald. Å ikkje gjera dette, meiner eg er å vera handlingslamma. For Norge er truleg fallet i oljeprisen i dag vel så alvorleg for sysselsetjinga som finanskrisa. Arbeidsløysetala målt i arbeidsløyserate er i alle fall klart høgre i dag enn då.

Høgre sin økonomiske talsmann, Svein Flåtten, meiner det ikkje er grunn for Arbeidarpartiet å kritisera regjeringa for manglande handlekraft, og AP og dei raudgrøne la ikkje til rette for omstilling i tide. Dette er ein utrulege påstandar. Arbeidsløysa vart halden i sjakk alle dei åtte åra dei styrte. Løyvingane til veg og jernbane auka reelt med 90 prosent. Løyvingane til forsking og høgre utdanning auka med reelt 34 prosent. Den underliggjande veksten på statsbudsjettet var på 22 prosent. Og innanfor denne veksten var det ein kraftig auke i overføringane til kommunane og til kultur, som gav grunnlaget for mange nye arbeidsplassar. Samstundes heldt ein igjen på oljepengebruken som var viktig for konkurranseevne, kostnadsnivå og omstilling i privat sektor.

Det er ikkje mangel på omstilling som gjer at arbeidsløysa stig. Det er det store fallet i oljeprisen med påfølgjande fall i investeringane som er hovudårsaka. Dette er sjølvsagt ikkje regjeringa si skuld. Men regjeringa har ansvaret for at den samla politikken ikkje skapar veksande arbeidsløyse. Mottiltak må setjast inn. Offentlege pengar må setjast inn på ein målretta måte for å hindra kompetanseflukt i industrien, og på den måten hindra at arbeidsløysa berre får veksa. Det hastar!

Norvald Mo, rådgjevar Fellesforbundet

norvald.mo@fellesforbundet.no