Hopp til hovedinnhold

Gammel artikkel!

Denne artikkelen er mer enn 1 år gammel.

Mista livet på veg heim frå jobb

Odd Geir Turøy (54) frå Øygarden i Hordaland var ein av dei 13 som mista livet i den tragiske helikopterulykka i april, skriver Magasinet for fagorganiserte.

Turøy var tilsett i Aker Solutions og kom aldri heim frå den siste arbeidsøkta på Gullfaks B-plattformen, som blir drifta av Statoil. Helikopteret var på veg inn til Flesland flyplass ved Bergen med 11 passasjerar og eit mannskap på to. Det styrta ikkje langt frå der Odd Geir Turøy vaks opp, ved Turøy nordvest for Sotra. Han etterlet seg kone, born og barneborn.

Odd Geir Turøy var medlem av Fellesforbundet og ein av i alt 100 som til ei kvar tid er på reisejobbar ute i Nordsjøen blant medlemmene i Aker Solutions.

Klubbleiar Arild Håvik seier til Magasinet at det no er viktig å ta vare på kollegaene til dei som mista livet i ulykka.
– Familiane deira har fått oppfølging av eit kriseteam på eit hotell i Bergen. Eg tenker óg på dei som ventar på å kome heim frå plattformar, eller ut på arbeid med helikopter. Alle reagerer forskjellig, sier Håvik.

Minnestunder
I dagane etter ulykka var det minnestunder på alle lokasjonane til Aker Solutions, der alle som var inne på land kunne vere til stades. På Gullfaks hadde dei òg sjølsagt minnestund over dei omkomne.
1. mai-feiringa to dagar etter ulykka, vart naturleg nok prega av den. Rundt om i landet starta tilstelningane med eit minutts stillheit. LO-leiar Gerd Kristiansen ba i sin tale på Youngstorget om at det ikkje blei spekulert i sikkerheitsnivået knytta til helikopterdrifta.
– Det er best for dei som arbeider i olja og for dei som sit att heime, sa ho og peikte på at det no er opp til havarikommisjonen å finne årsaka til ulykka.  

Innsparinger uroar
I Fellesforbundet er det uro over generelle innsparinger og manglande vedlikehald, utan at dei vil seie noko om samanhengen med denne ulykka.
Mohammad Afzal, som er HMS-sekretær for olje og gass i forbundet og medlem av Petroleumstilsynet sitt sikkerheitsforum, seier det er alfa og omega at medlemmene kjenner seg trygge på transporten til og frå arbeidsplassen, og det gjeld uansett typen helikopter.

Stressfaktor
– Helikoptertransporten er ein stressfaktor for dei som arbeider på plattform, og i britisk sektor har det vore fleire nestenulykker og nødlandingar med same Puma-helikopter som forulykka, sier Afzal. Han meiner at det er viktig for Fellesforbundet at denne typen no står på bakken medan ein ventar på granskninga til havarikommisjonen.