Sjukeløn og valkamp

Dei borgarlege partia må gje svar om kva dei vil med sjukelønsordninga! Det skriv rådgjevar Norvald Mo frå Fellesforbundet i Klassekampen 7. august.

Proba samfunnsanalyse utarbeidde ein rapport i 2014 om sjukefråver. Dei oppsummerte at fråværet i Norge er høgre enn i andre land, og at det ikkje kan forklarast med korleis ein måler fråvær eller i reglane for sjukemelding. Heller ikkje i samansetjinga av arbeidsstyrken eller kjenneteikn ved arbeidslivet har vesentlig betydning, og konkluderer med at «forskning på betydningen av sykepengeordningen gir grunnlag for anta at den sjenerøse ordningen vi har i Norge er en viktig årsak til forskjellene».

 

Slike studiar har fått ungdomsorganisasjonane til dei borgarlege partia å gå inn for at ordninga må strammast til. Full løn under sjukdom er altfor generøst og tilfredsstiller ikkje krava til eit berekraftig velferdssystem, meiner dei. Moderpartia har ulike tilnærmingar. Venstre vil innføra ein moderat eigendel, og Høgre vil setja ned eit utval som skal vurdera ordninga. Frp vil ha ei «god ordning», kva no det skal bety. På den andre sida har dei raudgrøne partia konkludert med at arbeidstakarane sine rettar i ordninga skal vidareførast.

 

Vil sjukelønsordninga bli eit viktig tema i valkampen? Etter mitt syn bør den bli det, fordi partia har formulert seg ganske ulikt i partiprogramma om denne viktige velferdsordninga. Blir det borgarleg fleirtal, går sjukelønsordninga ei usikker framtid i møte.

 

Nokre, blant andre Venstre, stiller spørsmålet kvifor det skal vera så stor skilnad i stønad mellom dagpengar, arbeidsavklaringspengar og sjukepengar. Ein arbeidstakar med gjennomsnittleg fulltidsinntekt, vil med eit år på dagpengar ha rundt 170 000 kroner mindre inntekt enn om vedkomande hadde hatt sjukepengar. Derfor meiner dei at det må skje ei tilnærming i stønadsordningane.

 

Eit grunnleggjande trekk ved vår samfunnsmodell byggjer på at helst så mange som mogeleg som kan vera i arbeid skal vera det. Derfor meiner eg det blir feil å jamstilla ei yting til personar som er i arbeid med personar som ikkje er i arbeid.  Då er det viktig med ordningar som byggjer opp om det. Ei dårleg sjukelønsordning vil gjera det mindre attraktivt for særleg grupper som kan vera utsette for sjukefråver i mindre grad å søkja seg arbeid. Eit anna minst like viktig argument for å ha full løn under sjukdom, er at det er ingen som har funne fram til ordningar med redusert utbetaling som vil fungera rettferdig. Det vil oppstå forskjellar mellom timelønte og månadslønte, mellom dei som kan gjera «heimearbeid» og dei som ikkje kan det, og mellom dei som kan vera «litt sjuke» på jobb og dei som ikkje kan det. Nye ulikskapar vil oppstå. Dette var ein viktig grunn for at vi for nær 30 år sidan fekk tverrpolitisk semje på Stortinget om full løn under sjukdom. Ein såg dei ulikskapane som ville oppstå mellom dei som uansett ville ha fått full dekning, og dei som ikkje ville få det.

 

Det kan vera at Proba har rett, nemleg at det er ordninga vår som gjer at vi har høgre fråvær enn andre. Same løn om ein er heime eller på jobb, og med IA-avtale inntil 24 eigemeldingsdagar i året. Sjukefråveret vil truleg gå ned med eigenbetaling og karensdagar. Nokon vil sikkert velja å gå på jobb framfor å bli heime. Men like så sikkert vil det vera at både for den enkelte og samfunnet hadde det vore betre om mange av dei hadde blitt heime. Det er derfor på ingen måte gitt at samfunnskunnskapen hadde gått i pluss ved å svekkja ordninga. Dei partia som har tankar om å svekkja ordninga når det gjeld arbeidstakarane sine rettar, har eit stort ansvar for å konkretisera kva dei vil gjera med ordninga og kva effektane kan bli.