Hopp til hovedinnhold

Gammel artikkel!

Denne artikkelen er mer enn 1 år gammel.

Fritt fram?

Forbundsleiar Arve Bakke skriv tilsvar til Stein-Lier Hansen og Anne-Kari Bratten om arbeidstid. Dei skriv at arbeidslivet har endra seg veldig sidan 1977, medan arbeidstidsreglane har stått tilnærma uendra. Dei meiner at reglane bør endrast, og at det regjeringa føreslår er "et skritt i riktig retning". Men dette er ei sjølvmotseiing. Dei store endringane har jo skjedd innanfor rammene av dagens lovgivning. Kvifor skal reglar som sikrar omstilling endrast, når dei faktisk har gitt omstilling?, spør Bakke.

Dagens lov legg rammer for arbeidstida, f eks når arbeid blir definert som nattarbeid, eller når helgedagsarbeid kan skje. Natta er like mørk som ho alltid har vore, og menneskekroppen treng framleis kvile. Så gir lova likevel stort rom for å kunne fråvike hovedbestemmingane. Rommet for å gjere lokale avtalar er stort. Men i nokre til felle må det avtalast sentralt. Ein viktig grunn for det er å sikre likebehandling og likeverdig konkurranse mellom bedrifter.

Dersom ein tillet å arbeide helgedagar på ei bedrift i eit større omfang, påverkar det konkurranseforholda overfor andre bedrifter, slik at helgearbeid kan bli det normale. Korleis skal dei tillitsvalde på ei bedrift kunna seie nei til å arbeide heile påskeferien, når konkurrenten har sagt ja?

Dette dreier seg ikkje om "ideologisk kruttrøyk", men om ei reell uro for korleis arbeidslivet skal utvikle seg. Eg undrar meg over korleis Norsk Industri og Spekter tenkjer, når Lier-Hansen og Bratten skriv at regjeringa sine forslag er "skritt i riktig retning". Kor vil dei? Skal alt vera fritt berre arbeidsgjevar får ei lokal underskrift på det?