- Det er særs skuffande at regjeringa ikkje foreslår endringar i permitteringsreglane, seier leiar i Fellesforbundet, Arve Bakke i sin første kommentar til statsbudsjettet.
- Vi har ein situasjon med veksande arbeidsløyse i særleg bransjar som leverer varer og tenester til petroleumssektoren, påpeiker han.
- I ein permitteringssituasjon er tida ein kan motta dagpengar avgrensa til 30 veker. Dessverre er det slik at stadig fleire kjem i ein situasjon der dei møter 30 vekers grensa. Då vil dei fleste bedrifter møte den situasjonen med oppseiingar. Dette er ein veldig kortsiktig politikk som rammar både den enkelte arbeidstakar og bedriftene, seier Bakke.
- Fellesforbundet meiner dagpengeperioden må utvidast til 52 veker og vil oppmode Stortinget om å gå inn for det, understrekar Bakke.
Elles er Fellesforbundet nøgde med at vilkåra for bedriftsintern opplæring er forbetra ved at opplæringstida er utvida til inntil 26 veker, slik Fellesforbundet med fleire har bede om.
Fellesforbundet vil elles studere budsjettet nærare, og særleg korleis det vil slå ut på arbeidsmarknaden.