Hopp til hovedinnhold

Gammel artikkel!

Denne artikkelen er mer enn 1 år gammel.

Slår eit slag for fysisk aktivitet

Rådgjevar Norvald Mo i Fellesforbundet skriv i dagens Klassekampen om kor viktig fysisk aktivitet er. - Arbeidslivet må sterkare på banen. Nær halvparten av fråfallsgrunnane i bygg og anlegg skuldast muskel- og skjelettplager.

Å forebyggja dette har ein kolossal verdi. Fellesforbundet og andre tok tak i dette og oppretta Ergonomiportalen i 2013.

Innlegget foreligg ikkje elektronisk.
Johan Grøttumsbråten var ein stor idrettsmann. Han vann tre OL-gull i langrenn og kombinert under OL i 1928 og i 1932. Det blir sagt om Grøttumsbråten at han sto fram som ein spjæling, men at fem års arbeid i skogen hadde gjeve han musklar nok. Og han var ikkje åleine om dette. Skogsarbeidarar hadde fortrinn for skisporten. Det harde kroppsarbeidet ute i det fri gav styrke til musklar og kondisjon.
Det var ikkje berre arbeid i skogen som gav musklar. Manuelle yrke, som det var mest av før i tida, gav grunnlag for fysisk styrke og det å vera uthalden. I dag er det omvendt. Fleire enn åtte av ti arbeidstakarar opplever ikkje fysisk slit i jobben i form av tunge løft. Det skal vi vera glade for. På den andre sida blir det ikkje mykje musklar av det. Muskelmasse er nødvendig for å halda kroppen oppe. Trening av musklar er viktig for å førebyggja plager.
Fleire driv fysisk trening enn før. Likevel synk den fysiske tilstanden i folket. Treninga kompenserer ikkje for tapet av det fysisk tunge arbeidet. Og mange rører seg stadig mindre. Vel 80 prosent av vaksne nordmenn ligg ikkje oppunder tilrådingane om dagleg fysisk aktivitet i minst 30 minuttar med moderat intensitet. 1 av 5 er ikkje så aktive at dei blir sveitte eller andpustne. Denne kunnskapen er slett ikkje ny. Vi veit at slik er det. Det blir stadig lagt meir til rette for å bruka kroppen mindre. Ei stor europeisk undersøking nyleg viste at inaktivitet er ei viktig årsak til tidleg død.
Eg meiner arbeidslivet må sterkare på banen. Ikkje i form av formelle rettar om x-antall timar betalt i arbeidstida, eller betaling for å delta på treningsstudio. Slikt vil stort sett dei som er aktive frå før nytta seg av. Nei, det må bli tilrettelagt på arbeidsplassen for å kunna gjera enkle øvingar med tilstrekkeleg belastning som styrkjer musklane og får opp pusten. Utført riktig kan dette gjerast på 15 minuttar om dagen utan avanserte apparat. Det aller viktigaste for å få dette til er at det blir ein kultur på arbeidsplassen for det. Ta trappa i staden for heisen, ta armhevingar og sit-ups på kontoret, bruk enkle vekter og ein benk. Det kostar så lite og det gir så mykje tilbake.
Det står i arbeidsmiljølova (§3-4) at arbeidsgjevar skal vurdera tiltak for å fremma fysisk aktivitet blant arbeidstakarane. Fellesforbundet m. fl. tok tak i dette og oppretta Ergonomiportalen i 2013. Det er eit opplæringsverktøy for heile bygg- og anleggsbransjen. Portalen gir enkle døme på korleis ein kan gjera øvingar på byggeplassen. Nær halvparten av fråfallsgrunnane i bygg og anlegg skuldast muskel- og skjelettplager. Å førebyggja dette er ein kolossal verdi både for den enkelte, arbeidslivet og samfunnet, også for at vi skal vera i stand til å stå lenger i arbeidslivet. Det er underleg at ikkje Produktivitetskommisjonen har studert dette nærare. Leiarar og tillitsvalde må ta sterkare tak i det.
Fagrørsla var tidleg ute med kopla idrett og friluftsliv til bedriftene. Arbeidernes Idrettsforbund hadde bedriftsidretten som ei prioritert oppgåve. Dette vart vidareført i det nye idrettsforbundet etter krigen og seinare Norges Bedriftsidrettsforbund. Forbundet har i dag 4 200 bedriftsidrettslag, og bedriftsidretten har i dag ein aktivitet langt utover den konkurranseidretten som dei driv. "Sykle til jobben aksjonen" er det bedriftsidrettsforbundet som står bak. Den har ført til at mange lar bilen stå og heller brukar sykkelpedalane. Bedriftsidretten bør få eit løft framover, fordi fysisk aktivitet i enkel form bør bli ein integrert del av arbeidslivet.