Hopp til hovedinnhold

Gammel artikkel!

Denne artikkelen er mer enn 1 år gammel.

Streik for tariffavtale i Norse Production

Norse Production nektar å inngå tariffavtale med sine tilsette. Difor har no 69 av Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) sine medlemmar vore i streik sidan 8.september.

Norse Production nektar å inngå tariffavtale med sine tilsette. Difor har no 69 av Norsk Nærings- og
Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) sine medlemmar vore i streik sidan 8.september.
Det polske firmaet Norse Production overtok produksjonsutstyret frå Sekkingstad då Sekkingstad i
2013 ville unngå å betala like løner for polske og norske tilsette.
Frå 1. januar 2013 gjeld vikarbyrådirektivet om likehandsaming av vikarar og fast tilsette. Sekkingstad
ynskte å omgå dette ved å organisera produksjonen slik at han vart sett ut til underleverandøren
Norse, eit selskap som vart etablert etter råd frå konsulentselskapet PwC eine og aleine for å unngå
likebehandling av utanlandsk arbeidskraft.
Høg arbeidsløyse og låge løner for polske arbeidarar er diverre viktige, men uverdige ingrediensar i
fiskesuppa til Sekkingstad AS. I Polen er gjennomsnittsløna cirka 7000 kroner per månad og
arbeidsløysa ligg i overkant av 7 prosent. Medlemmane i Norse Production NUF er glade for å kunna
jobba i Noreg, men ikkje for ein kvar pris.
Difor har eit stort fleirtale av dei tilsette meldt seg inn i NNN, og forbundet har sett fram rettvise krav
om tariffavtale og ordna løns- og arbeidsforhold i tråd med norsk lov og avtaleverk. Til no er krava
blankt avvist og sidan fredag 8. september har meir enn 70 tilsette vore ute i ein lovleg streik for den
sjølvsagte retten til tariffavtale.
Skal norsk sjømatindustri i framtida ha den plassen vi alle håpar og trur, må undergravinga av den
norske modellen stoppast. Verdiskapinga i sjømatnæringa kjem ikkje til å mangedoblast utan høg
grad av innovasjon og effektivitet i sjømatbedriftene. Dei tilsette i produksjonen er viktige brikker for
å lukkast med dette.
Den norske samfunnsmodellen gjev gode høve for positiv utvikling i Noreg med høg effektivitet og
omstillingsdyktig arbeidskraft. Ramma er norske lover, eit godt organisert arbeidsliv og avtaleverket
mellom organisasjonane i arbeidslivet. Limet som held det heile saman er låg ulikhet og ein flat og
inkluderande leiarstil i føretaka der dei tilsette kan bidra med kunnskapen sin for å utvikla føretaka
vidare.
Fellesforbundet Hardanger Sunnhordland tek sterk avstand frå dette grove dømet på utnytting av
utanlandsk arbeidskraft for å undergrava norsk arbeidsliv og norsk lov- og avtaleverk, og stør difor
kravet til våre streikande polske fagforeiningskameratar ved Norse Production om rett til tariffavtale
og rettvise løns -og arbeidsvilkår!

Leiar Atle Tranøy, Nestleiar Richard Storevik og sekretær Rune Rafdal