Hopp til hovedinnhold

Gammel artikkel!

Denne artikkelen er mer enn 1 år gammel.

-Kven vil jobbe for 120 kr./timen

–Bernt Ivar Bergum, Hallingdølen, Publisert: 31.01.17 04:30 Oppdatert: 30.01.17 15:57.                                                                                                                   Relaterte artiklar 31.01 Hotelldirektør: – Folk står i kø for å jobbe her

 Vestlia Resort på Geilo tilbyr ufaglærte ei timeløn på 120 kroner. – Moralsk forkasteleg, seier Fellesforbundet, som meiner slikt undergrev arbeidsmarknaden


Lønnsnivået i reiselivet generelt og hotellbransjen spesielt er ikkje kjent for å vere spesielt høgt, men timeløn ned i 120 kroner timen er sjeldan kost, meiner Terje Berghagen og Reda Brynildsen i Fellesforbundet.

– Lønsnivået er sett tilbake ti år, seier dei og viser konkret til ei arbeidskontrakt frå Vestlia Resort på Geilo. Etter at tariffavtala vart sagt opp i april i fjor, har tilsette her fått tilbod om arbeid etter ein timesats 40 kroner under minsteløna i tariffen.

– Ikkje ulovleg, men forkasteleg
Med 120 kroner i timen blir månadslønna 18.500, før skatt.

– Det er ikkje ulovleg, men me meiner det er moralsk forkasteleg, seier Terje Berghagen.

Fellesforbundet, som er det største LO-forbundet i privat sektor, har mellom 150–200 medlemer fordelt på kring 80 hotellbedrifter i øvre Buskerud.

Det å ha ein tariffavtale betyr blant anna at arbeidsgjevar og arbeidstakar er samde om å følge sentrale avtalar om minsteløn og ein lønsstige kring ansiennitet.

Til dømes er det i tariffen semje om at ufaglærte ikkje skal tene mindre enn 161,14 kroner timen. Månadslønna etter denne tariffen (35,5 timar i veka) er 6.300 kroner meir enn for dei som jobbar for 120 kroner i timen.

– Det er mange hotell som vel å følge tariff, sjølv om dei ikkje har ein tariffavtale. Me er opptekne av å ha eit anstendig arbeidsliv. Med arbeidskontraktar på 120 kroner timen bidreg ein til å utkonkurrerer dei som har anstendige vilkår, seier Berghagen.

– Kven kan leve av 120 kroner timen? Ein får sikkert tak i folk, men med slike lønningar står dei ikkje i jobben lenge, legg Reda Brynildsen til.

Kan spare mykje på lågare løn
Fellesforbundet sine representantar trur låge lønningar får nordmenn til å skygge unna jobbar i reiselivet. Dette rimar dårleg med at representantar for reiselivet håpar å få til ei reiselivsutdanning på Geilo, for å sikre rekrutteringa til yrket. Dårlege lønsforhold forsterkar behovet for utanlandsk arbeidskraft, meiner dei to Fellesforbund-representantane.

– Me veit det er vanskeleg å drive hotell i dag, men ein må vakte seg for ikkje å misbruke folk. Kostnadene for å leve og bu i Norge er den same for alle, seier Berghagen.

– Er dette sosial dumping?

– Eg vil ikkje bruke det ordet. Det finst ingen nedre grense for kva som er lov, og det er heller ikkje slik at alt som er under minstelønssatsar er underbetaling.

– Burde minstelønssatsar vore lovbestemt?

– Fellesforbundet er skeptisk til det, for då trur me alle ville hamna på minsteløna. Enkelte ligg i dag over.

– Kvifor tek ikkje de opp lønsnivået på Vestlia Resort direkte med arbeidsgjevar?

– Vestlia har sagt opp tariffavtala. Alle våre medlemmer har likevel løn etter tariff, så me har ingen sak å ta opp med dei. Det me fryktar er at dei som har tarifføn vil få mindre gjera ved at arbeidsoppgåver blir lagt til ufaglærte med låg timeløn.