Arbeiderpartiet er partiet for arbeidsfolk!

bilde til nyhetssak

-Professor i statsvitskap, Øyvind Østerud, skriv i Klassekampen i romjula at Arbeiderpartiet har mista fotfestet blant vanlege arbeidsfolk. Det er ikkje riktig-tvert om er oppslutninga større enn nokon gang, og ikkje berre blant offentleg tilsette, men i like stor grad også blant tilsette i den private sektoren. Ei viktig forklaring er at Arbeidarpartiet har gode og tydelege band til fagrørsla, skriv rådgjevar Norvald Mo i Klassekampen.

Kronikken frå dagens Klassekampen:

Partiet for arbeidsfolk

Professor i statsvitskap, Øyvind Østerud, uttalte seg til denne avisa i romjula om EUs utvikling og kvifor oppslutnaden om EU ikkje er så stor blant vanlege folk, og kvifor mange frå arbeidarklassen  i europeiske land sluttar opp om parti til høgre. Han meinte å sjå på dette som ein protest frå kroppsarbeidarar som ser at dei er i ferd med å verta overflødige på arbeidsmarknaden, og at dei ikkje ser på dagens EU som nokon redningsplanke.

Østerud har nok mykje rett i dette. Men så legg han til: "I tillegg har de mistet sin politiske tyngde fordi de sosialistiske partiene har forlatt dem. I Norge er Arbeiderpartiet i dag et parti stort sett for offentlig ansatte".  Det undrar meg at Østerud uttalar seg slik, fordi det slett ikkje er riktig. La oss ta siste val som eit døme. Fellesforbundet er eit forbund som har svært få medlemer frå offentleg sektor. Vi gjorde ei medlemsundersøking før  kommunevalet i fjor. 63 prosent av dei som sa dei ville stemma, svara Arbeidarpartiet. Ei undersøking LO fekk utført noko seinare bekrefta undersøkinga. Like mange blant  dei som er medlemer i alle LO-forbund ville stemma Arbeidarpartiet. Og ikkje nok med det. Undersøkinga til LO viste at blant dei spurde, var det 84 prosent som svara at dei hadde stemt ved kommunevalet.

Dette viser to ting. Arbeidarpartiet har ikkje mista fotfestet blant vanlege arbeidsfolk. Tvert om er oppslutninga større enn nokon gang, og ikkje berre mellom offentleg tilsette, men i like stor grad også blant tilsette i den private sektoren. For det andre fortel undersøkinga at medlemer av LO-forbund i klart større grad enn i folket elles stemmer. Ja, undersøkinga viste at til og med mellom dei under 30 år var det fleire med medlemskap i LO-forbund som deltok i valet, enn det som var valdeltakinga for heile befolkinga totalt sett.  

Kva er grunnen til at situasjonen langt på veg er motsett i Norge enn mange andre land rundt oss? Forklaringane kan vera mange, men ikkje at Arbeidarpartiet stort sett er eit parti for offentleg tilsette. Ei viktig forklaring meiner eg er at Arbeidarpartiet har gode og tydelege band til fagrørsla,  og då i første rekkje LO og deira forbund. Vanlege arbeidsfolk ser at dette tener deira interesser. Det gjeld også folk i LO-forbund som står både til høgre og venstre for Arbeidarpartiet. Dei  ser verdien av det fagleg politiske samarbeidet. På landsmøtet i Fellesforbundet vart det samrøystes vedteke  å vidareføra og forsterka samarbeidet.

Eit godt fagleg politisk samarbeid føreset forståing av at politikk og fagforeiningsarbeid også er ulike ting, og at ein har ulike roller. "SammenAkademiet" som er eit skoleringsopplegg for unge medlemer i Arbeidarpartiet og i LO-forbund har nettopp som formål å gi gjensidig kunnskap om desse rollene. På 90-talet hadde Arbeidarparti-regjeringane fem statsrådar og ein stabsjef med yrkesfagleg utdanning og også med bakgrunn frå Fellesforbundet. Desse sat ikkje i regjeringa fordi dei var plasserte der av LO, slik NHO har for vane å hevda. Det var yrkesbakgrunn, deira bakgrunn som tillitsvalde og ikkje minst politiske erfaring og samfunnskunnskap som gjorde dei eigna til å verta dyktige statsrådar. Skal Arbeidarpartiet framover også vera eit dominerande arbeidarparti, må partiet evna å vidareføra denne viktige rolla. Og eg meiner at klarer Arbeidarpartiet den oppgåva, klarer ein også å demma opp for at vanlege arbeidsfolk i stor stil vender seg mot høgrepopulistiske parti.